Newton energirom ved Voss gymnas

Newton energirom ved Voss gymnas

Prosjekteier: Voss gymnas
etablering under etablering

Voss kommune og Hordaland fylkeskommune har gått saman for å tilby ei realfagoppleving litt utanom det vanlege for elevar på Voss frå og med hausten 2017. Prosjektet går ut på at det har vorte laga til eit Newton-rom på Voss gymnas som skal kunna ta imot born/elevar frå barnehagealder og opp til vidaregåande skulealder.  

Newton-rommet består av eit stort laboratorium, eit audietorium og testlab. Det er snakk om heilt nye lokale med nytt inventar og topp moderne teknologisk utstyr. 

Newton-rommet vil ha eit energi-fokus, og tilbyr i tillegg opplegg innan matematikk og robotprogrammering

Hausten 2017 tek rommet imot 6. klassar frå heile kommunen, for å jobba med læreplanmål i matematikk i kombinasjon med legobygging og programmering av robotar. 

 



Moduler i dette Newton-rommet

Roboter og matematikk - EV3

Newton-modul nr. 1961

Kontaktinfo

Ragnhild Blikberg

Tlf: 94288589
ragbli@hfk.no

Besøksinformasjon



Prosjekteier

Voss gymnas

Samarbeidspartnere

- Voss kommune
- Hordaland fylkeskommune