Newton Flora

Prosjekteier: Flora kommune
pilotering under pilotering

BeeBot og humleliv.

Newtonrommet i Florø held på å lage ein modul om humler for 4. åringar. Vi ynskje at både 4 åringar og 5 åringar har ein modul på rommet. 5 åringane har "Eit blått eventyr"


Wikipedia

I heile april har Newtonrommet hatt besøk av alle 4. åringane i barnehagane i kommunen. 

Her har dei leika og lært om humler og bier. 

Dei får dei møte Humle Brumle som er ein humlekosebamse,

 

Vi snakka om korleis ei humle ser ut. Vi lærer at humla har ei nål på rompa som heiter brodd. At det beste den veit å spise er nektar og pollen, og at humla lager honning. Vi smaker på honning og snakka om pollenallergi. Vi lærer at dersom det ligg ei humle på bakken som ser litt forkommen ut så kan vi gje den sukkervatn. Og vi får sjå eit humlehotell. Kanskje barnehagen vil lage eit hotell til humlene?

Vi leika at vi er masse små humler som summa rundt i Newtonrommet og leita etter blomster som lukter deiligt. Så leiker vi "Kråka kjem". Masse hyl og moro når dei vaksne er kråker som fanger småhumler!

Innføring i programmering.

 Som ein del av modulen lærer barna om programmering. Vi bruker BeeBot- robotar.

Barna skjønner raskt gangen i programmeringa. Programmeringa er slik laga til at alle får eit godt utbytte. For nokre barn er bare det å få den til å gå ei spennande nok utfordring. Mens andre programmerer at den svinger, går bakover, framoer og følger ei bane som dei ser på ei bildematte.

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

I løpet av 2018 skal vi gjennomføre 6 ulike modular for barn og unge. Alle har teknologi og realfag som tema, og utforskande arbeidsmåtar som metode. 

På hausten kjem alle 4- åringane og 5-åringane i barnehagane, alle 3. klassingane, 5. klassingane og 7.klassingane. I vår er det 3.klasse, 9.klasse og 4-åringane sin tur. Ta ein kikk på kalendaren så ser du kva for modul som kjem når.

Vidaregåande arbeida med å lage ein modul for 1. klasse studiespesialisering.

Vi har også laga ein modul for 4 åringar.