Møt Trond med hammaren!

– Eg trur det me gjer i Newton-romma er med på å motivere barn og unge til å velje realfag, seier Trond Herfindal i Newton Voss. Sjølv tyr han gjerne til hammaren for å skape aha-opplevingar hos elevane.
Møt Trond med hammaren!
Tilbake

Kven: Trond Herfindal

Kor: Newton Voss, Vestland fylke

Bakgrunn: Lærar i diverse realfag på Voss gymnas

Mitt Newton-rom: Rommet på Voss ligg på Voss gymnas, og er fire år gamalt. Me har hatt fokus på energi, lego og matematikk, og no micro:bit.

På privaten: Har kone og to store barn.

 


Trond (t.h) med kollegaene Asle Kvestad og Ragnhild Blikberg

 

– Kva for morgonrutinar har du? 

 – Kaffi og ein gjennomgang av dagens plan er vanleg å starte dagen med.

– Kva må du ha på arbeidspulten din? 

 – Det ligg normalt sett ein del komponentar til micro:bit der, kaffikoppar og ein del papir som skulle vore gjort noko med i går.

– Kva synest du er best med å vere Newton-lærer?  

 – Det gjev moglegheiter for å være kreativ og utvikle opplegg. Vidare er det veldig kjekt å kunne arbeide med opplegg fleire gongar slik at ein kan finslipe pedagogikken i dei.

– Ein får sjansen til å prøve ting fleire gongar og med ulike justeringar. Det gjer at ein kan få gode og interessant opplegg.

– Kva er det kjekkaste å lære bort?  

 – Me brukar eit IR-kamera til å vise at energi ikkje vert borte. Då slår me ein hammar hardt i ei voksplate og filmar. Ein ser då tydeleg at det vert varmare der hammaren treff (opp til 5 grader). Dette slår (bokstaveleg talt) alltid an, og er ei aha-oppleving for mange!

– Kva ynskjer du at elevar og lærarar skal sitte igjen med etter eit besøk i Newton-rommet? 

 – Det å ha ein kjekk dag er veldig viktig. Kjekk fordi dei har forstått ting som kanskje var uklart før dei kom. Gleda ved å få prøve nytt ustyr og få nye idear er viktig for lærarane som føljer med. 

– Har du ei god historie frå Newton-rommet ditt? 

 – Ein av elevane som var her på robotar og omkrins vart brått vekke midt i opplegget. Etter å ha sokna litt, fann me ho att i ein korridor der ho var i gang med å køyre 100 rotasjonar for å få ein supernøyaktig verdi på omkrinsen til hjulet.

– Korleis kan vi motivera barn og unge til å velje realfag? 

 – Eg trur det me gjer på Newton-romma er ein god veg å gå. Gjennomarbeidde opplegg med ein klar retning og samstundes utforskande oppgåver. 

– Det å vise dei at realfag har relevans for kvardagen deira, og samstundes er fullt mogleg å forstå, er motiverande. 

– Kva jobbar du med no?

 – Micro:bit opp og i mente. Me skriv på materiell til bruk for elevar som skal kome til oss for 2. gong. Dei skal få arbeide med Smart home-sett og lage diverse sensorstyrte mekanismar. Me har kjøpt dokkehus. I desse skal dører opp og att, lys styrast av mørke, og flagg heisast. Det blir kjekt! 

– Vidare brukar me også litt tankekapasitet på VR-briller som skulen har. Kanskje dei er måten ein kan angripe temaet «Berekraftig utvikling» på? Det er jo high-tech, og relativt dyrt, så det vil passe fint om Newton-rom tilbyr slikt. Dei kan også ta deg dit du vil i verda på sekund, og diverse kjendisar og politikarar kunne bidra inni VR-verda osv. Draumen er at Greta Thunberg og ein eller annan tiktok-kjendis kan snakke til våre ungdommar i eit slikt fora. Her vil jo ein også kunne snakke med Newton-romma i dei andre landa, i VR!

– Korleis ladar du batteriane? 

 – Litt turar kringom i fjellet, og båt om sommaren, men mykje i sofaen. Har også kjøpt ein gitar som eg kikkar litt på innimellom.

– Kva er dine topp 3 ynskjer for dette året?  

 – Sjølvsagt å få normalisert ting i høve Covid-kaoset, men i Newton-samanheng vert det kjekt å få arbeidd meir med programmering. Vidare vert det kjekt med ei langhelg i Bodø.



Publisert: 11. mai 2021