Newton Flora

Prosjekteier: Flora kommune
drift i drift

 Newton Flora er no i ordinær drift, og avtalen blei signert 14.06.2019

 

Bee-Bot og humleliv er ny modul for 4-åringane

Newton Flora er i dialog om å få modulen for 4-åringane godkjend som ein av dei faste modulane i Newton-biblioteket. Vi ynskjer at både 4 åringar og 5 åringar har ein modul i vårt Newtonrom. Alle 5 åringane gjennomfører "Eit blått eventyr"

  

  

Wikipedia

I modulen Bee-Bot og humleliv får barna bl.a. møte Humle Brumle som er ein humlekosebamse,

 

Vi snakkar om korleis ei humle ser ut. Vi lærer at humla har ei nål på rompa som heiter brodd. Det beste humla veit å spise er nektar og pollen, og humla lager honning. Vi smaker på honning og snakkar om pollenallergi. Vi lærer at dersom det ligg ei humle på bakken som ser litt forkommen ut, så kan vi gje den sukkervatn. Vi ser på eit humlehotell. Kanskje barnehagen vil lage eit hotell til humlene?

Vi leikar at vi er små humler som summar rundt i Newtonrommet og leitar etter blomster som lukter deilig. Så leikar vi "Kråka kjem". Masse hyl og moro når dei vaksne er kråker som fanger småhumler!

Innføring i programmering.

 Som ein del av modulen lærer barna om programmering. Vi bruker Bee-Bot som må finne fram på eigne matter.

Barna skjønner raskt gangen i programmeringa. Programmeringa er slik laga at alle får eit godt utbytte. 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------