Newton-rom på Voss

Newton-rom på Voss

Prosjekteier: HFK v/Voss gymnas
drift i drift

Voss kommune og Hordaland fylkeskommune har sidan hausten 2017 tilbydd ei realfagoppleving litt utanom det vanlege for elevar på Voss og Granvin. Newton-rommet er lokalisert i lokala til nye Voss gymnas, og tek imot born/elevar frå barnehagealder og opp til vidaregåande skulealder.  

Newton-rommet består av eit stort laboratorium, eit audietorium og testlab. Det er snakk om heilt nye lokale med nytt inventar og topp moderne teknologisk utstyr. I tillegg har Newton-rommet tilgang på kantine og uteområde til leik.

Newton-rommet tilbyr opplegg som dekkar kompetansemål i matematikk og naturfag. 

 

Me tilbyr fylgjande modular/undervisningsopplegg:

- Robotar og matematikk, for 6. klassingar.

- Produksjon av elektrisk energi, for 10. klassingar

- Solceller, for VG1

- Energi og teknologi, for førskulegruppene i barnehagane

 Opplegga over er fleksible og nokre av dei kan også gjennomførast for andre klassetrinn enn det som står. 

 



Moduler i dette Newton-rommet

Kontaktinfo

Ragnhild Blikberg

Tlf: 94288589
ragbli@hfk.no

Besøksinformasjon

Gymnasvegen 5
5700 Voss

Prosjekteier

HFK v/Voss gymnas

Samarbeidspartnere

- Voss kommune
- Hordaland fylkeskommune